Nyhetsartikkel

22 september 2021

Kraftsituasjonen veke 37, 2021: Hydrologi og gassprisar driv opp kraftprisane

Tørt vêr og auka kraftforbruk bidrog til at ressurssituasjonen i Noreg svekka seg ytterlegare frå veke 36 til veke 37. Ved utgangen av veke 36 låg den norske magasinfyllinga 20 prosentpoeng under median. I dei tre sørlegaste prisområda ligg no magasinfyllinga nært eller under historisk minimum for årstida, skriv NVE i Kraftsituasjonsrapporten for veke 37.

Utviklinga i den hydrologiske situasjonen, kombinert med aukande brensel- og -kvoteprisar har bidrog til at den gjennomsnittlege vekeprisen sør i Noreg (NO1, NO2, NO5) auka for sjuande veke på rad. I veke 37 var den gjennomsnittlege kraftprisen på 113 øre/kWh i dei tre sørlegaste områda. Dette er den høgaste vekeprisen vi har hatt i sørlege Noreg nokon sinne.

Kraftprisane i Midt- og Nord-Noreg (NO3, NO4) auka òg i førre veke, men ligg framleis under prisane i resten av Norden. I desse områda var gjennomsnittleg kraftpris høvesvis 60 og 56 øre/kWh i veke 37.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 37 2021 (PDF).

Kilde: MVE.NO

Kommentarer

kommentarer