Nyhetsartikkel

23 januar 2019

Nettselskapa forventar 135 milliardar kroner i nettinvesteringar dei neste ti åra

I rapporten «Status og prognoser for kraftsystemet 2018» har NVE samanstilt informasjon frå kraftsystemutgreiingane for regional- og transmisjonsnettet frå 2017 og 2018, samt frå distribusjonsnettselskap. Forventa investeringar summerer seg til 135 milliardar kroner dei neste ti åra.

Det vart investert 14 milliardar kroner i transmisjonsnettet i 2016 og 2017, noko som har bidrege til betydeleg betre forsyningstryggleik. Ny teknologi kan gjere investeringsbehovet noko mindre.

Investeringar

  • Nettselskapa legg i hovudsak «business as usual» til grunn for forventa nettinvesteringar. Ved å ta i bruk ny teknologi, kan investeringsbehovet reduserast. Vi arbeider saman med selskapa for å finne ut korleis den nye teknologien skal bli tatt i bruk, slik at nettleiga ikkje stig meir enn nødvendig seier direktør for energiavdelinga i NVE, Anne Vera Skrivarhaug.

Kraftsystemutgreiingane (KSUane) gir ei viktig oversikt over både dagens og framtidas kraftsystem. På bakgrunn av dagens kraftsystem og forventa utvikling i forbruk og produksjon, gir utgreiingane informasjon om kva nettinvesteringar som er nødvendige for å fornye nettet og møte framtidige behov. Forventa nettinvesteringar summerer seg til om lag 20 milliardar kroner i regionalnettet og mellom 50 og 70 milliardar kroner i transmisjonsnettet for perioden 2018–2027. I same tiårsperiode er det forventa investeringar for i om lag 50 milliardar kroner i distribusjonsnettet, pluss 4 milliardar kroner i investeringar i AMS.

Prognosar for energi- og effektbruk
Rapporten viser at nettselskapa forventar ein beskjeden auke i framtidig energi- og effektbruk for alminnelig forsyning. Samstundes viser dei innrapporterte talla ein kraftig auke i forventningane for energi- og effektbruk innan kategorien «stort forbruk» (tidligare kraftintensiv industri). Dette er kundar med effektuttak på over 15 MW i topplast og brukstid på over 5000 timer.

Samanlikna med førre «Status og prognoser for kraftsystemet 2016» har nettselskapa i 2018 meldt inn ein brattare vekst det neste tiåret og ein langsiktig auke til eit nivå som er 1150 MW høgare enn i 2016. Årsaken til denne auken er blant anna at fleire av KSUane for 2018 har inkludert nye mulige datasenterprosjekt i prognosane. Noko av auken kjem også frå ny olje- og gassindustri.

God forsyningstryggleik
Rapporten gjev også ei oversikt over punkt i nettet der feil på enkeltkomponentar kan gje avbrot for sluttbrukarar (punkt utan N-1). Dette er ein viktig indikator på forsyningstryggleiken i kraftsystemet. I KSUane for 2017 og 2018 er det identifisert 340 og 204 slike punkt i høvesvis regional- og transmisjonsnettet. Særleg i transmisjonsnettet har det vore ein betring av forsyningstryggleiken frå 2015 til 2017. I åra 2016 og 2017 vart det investert om lag 14 milliardar kroner som har bidrege til å redusere punkt i transmisjonsnettet utan N-1 betydeleg.

Generelt sett er forsyningstryggleiken i Norge god, men NVE brukar oversikta til å identifisere punkt der feil kan gje store konsekvensar. Der feil kan gje store konsekvensar er det i mange tilfelle allereie planlagt tiltak som vil føre til betre forsyningstryggleik. Desse punkta blir følgt opp, særleg der det ikkje alt er planlagde tiltak.

Les heile rapporten her.

Kilde; NVE

Kommentarer

kommentarer