– Etter ei samla vurdering har regjeringa kome fram til at avvikling og opprydding av kolverksemda i Svea og Lunckefjell no er den riktige løysinga, seier næringsminister Monica Mæland (H).

Produksjonen i Svea og Lunckefjell blei mellombels stansa i 2016. Driftskvila blei innført for ein periode på inntil tre år. Bakgrunnen var at det ikkje lenger var økonomisk grunnlag for vidare drift. I 2016 var det om lag 45 tilsette i Svea og Lunckefjell.

– Marknadsutsiktene for kol er fortsatt krevjande. Det er ikkje mogeleg å starte drifta igjen utan å tilføre svært mykje pengar frå staten, med stor risiko for tap. Vi har også lagt vekt på at driftskvile vidare ikkje er aktuelt. Det er selskapet også tydeleg på sjølv, seier næringsministeren.

I forslaget til statsbudsjett for 2018 foreslår regjeringa å løyve 141 millionar kroner til å starte opprydding i Svea og Lunckefjell. Kva oppryddinga totalt vil koste, kjem blant anna an på krava miljøstyresmaktene vil stille.

Det leggjast ikkje til rette for anna aktivitet i Svea når oppryddinga er gjennomført. Dette utelukker ikkje at enkelte gjenverande såkalla «kalde» bygningar kan stillast til disposisjon for reiseliv eller forsking slik det gjerast med forlatte bygningar andre stader på Svalbard.

Det vil vere stor aktivitet i Svea og Lunckefjell i oppryddingsperioden, noko som vil gje Longyearbyen-samfunnet ytterlegare tid til omstilling, seier Mæland.

Regjeringa foreslår i tillegg å løyve 43 millionar kroner i 2018 til å dekkje pensjonsforpliktingar i gruveselskapet i Store Norske-konsernet.

I framlegget for Stortinget gjer regjeringa greie for rammene for Store Norske si verksemd framover. Hovudverksemda skal vere drift av Gruve 7 i Longyearbyen. Verksemda skal skje innanfor ramma av dei overordna måla i Svalbard-politikken.

– Store Norske vil fortsatt spele ei viktig rolle, blant anna gjennom drifta av Gruve 7, og gjennom oppryddinga i Svea og Lunckefjell, seier Mæland.