Det var Sogn og Fjordane fylkeskommune som saman med BKK tok initiativet til arbeidet som står fram som eit alternativ for ein ny kraftkjempe.

– Det som er viktig for oss er at verdiane som vert skapt av SFE blir verande i Sogn og Fjordane og at ein varetar lokale arbeidsplassar, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp) i Sogn og Fjordane.

Med frå heile Vestlandet
– Det gir større moglegheiter for å vera ein finansiell og industriell partnar i relevante prosjekt som kan bidra til grøn verdiskaping på Vestlandet, seier konserndirektør Produksjon i BKK, Wenche Teigland i pressemeldinga som selskapet sende ut tysdag ettermiddag.

Det nye selskapet har førebels fått arbeidstittelen Vestlandskraft. Selskapet kan bestå av 63 kraftverk og produsera 12,1 terawatt-timar. Det vil seie årleg forbruk av straum for over 600.000 husstandar.

– Eit stort produksjonsselskap kan gjera Vestlandet meir attraktivt for eksisterande og ny industri, og dermed kunne bidra til fleire industriarbeidsplassar og auka verdiskaping, seier Arvid Moss, konserndirektør for forretningsutvikling og energi i Hydro.

Vil sikre krafta på Vestlandet
For Hydro sin del er det kraftproduksjonen i Røldal og Suldal som kan bli inkludert i den nye storsatsinga.

– I BKK er vi opptekne av å finne alliansar i ein kraftmarknad som er i rask endring, så viser den rapporten som er lagt fram i dag at dette kan sikre lokal verdiskaping, lokale arbeidsplassar og lokalt eigarskap til vasskrafta på Vestlandet, seier Tonny Nundal, kommunikasjonsdirektør BKK.