16
august
2017
Ny kraftgigant vil kunne produsere straum for over 600.000 husstandar
Ei arbeidsgruppe går inn for å slå saman kraftselskapa Sogn og Fjordane Energi, BKK og deler av Hydro til ein ny gigant innan kraftmarknaden i Norge. Saman vil dei kunne produsere straum for over 600.000 husstandar.
Kraftselskapa vil etablere Vestlandskraft DA som eit svar på korleis dei enorme kraftressursane til Sogn og Fjordane fylke skal forvaltast ved ei eventuell samanslåing med Hordaland, melder NRK Sogn og Fjordane.