Løyve til Skurdalsåa kraftverk i Meråker
NVE gir løyve til å bygge Skurdalsåa kraftverk i Skurdalsåa i Meråker kommune i Nord-Trøndelag. Kraftverket vil ha ein årleg produksjon på om lag 13,2 GWh. Dette svarar til straumbruken til om lag 660 husstandar.
NTE Energi AS står bak søknaden til kraftverket, som vil gi ei betre utnytting av eit vassdrag som allereie er regulert. NVE meiner kraftverket er eit positivt bidrag til at Noreg oppfyller politiske målsetjingar om auka fornybar energiproduksjon. NVE legg også vekt på at Skurdalsåa kraftverk vil kunne gi inntekter til søkjar, grunneigarar og kommune, og bidra til lokal verdiskapning.
Skurdalsåa kraftverk vil utnytte fallet frå den regulerte Skurdalsjøen og ned til eksisterande bekkeinntak i Skurdalsåa.
NVE meiner tiltaket vil gje negative verknader for landskap, hovudsakeleg som følge av etablering av røyr i øvre del av den aktuelle strekninga. Terrenget tilseier at det vil vere behov for ein del sprenging og lite lausmasser fører til avgrensa og sein revegetering. Dette inngrepet vil etter NVEs vurdering vere godt synleg i lang tid og påverke det urørte preget i området. Som tiltak mot dette, meiner NVE at boring av vassvegen i øvre del av området vil verne det urørte preget i landskapet i tilstrekkeleg grad. Det er då føresetnad om at det ikkje blir bygd mellombels veg på denne strekninga.
Den naturlege vassføringa i Skurdalsåa er allereie vesentleg endra som følgje av regulering av Skurdalsjøen, og det er ikkje pålagt slepp av minstevassføring i dag. NVE meiner naturmiljøet ikkje blir påverka i særleg grad. Bortfall av vassføring i periodar med tapping etter dagens regglar vil føre til at elva tidvis blir mindre markert i landskapet. Tiltaket vil bli lite synleg for turstiane i området.
NVE vurderer at nytta av tiltaket i form av ny fornybar energiproduksjon er større enn skader og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Skurdalsåa kraftverk på nærare fastsette vilkår.
Les meir om Skurdalsåa kraftverk