Nyhetsartikkel

03 februar 2021

Kaldt vêr og lite vind

Eit stabilt høgtrykk over Norden gav lågare temperaturar og lite vind i førre veke. Det kalde vêret bidrog til høgare kraftforbruk i både Noreg og Norden. Sidan norsk produksjon auka meir enn forbruket, vart likevel Noreg nettoeksportør av kraft. Unormalt lite vindkraftproduksjon i Norden og høgare kraftforbruk bidrog til at Norden var nettoimportør av kraft for fyrste gong sidan i fjor sommar, opplyser NVE.

Kaldt vêr, lite vind og lite nedbør var blant årsakene til at kraftprisane auka i både Norden og nord på kontinentet førre veke. Den gjennomsnittlege norske vekesprisen var 36 prosent høgare enn veka før og låg på 54 øre/kWh. Som veka før var det avgrensingar i eksportkapasiteten ut av Nord-Noreg, noko som bidrog til at vekesprisen i Nord-Noreg framleis var lågare enn i resten av landet.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 4 2021 (PDF).

Kommentarer

kommentarer