Nyhetsartikkel

12 oktober 2022

Prisfall i heile Nord-Europa

Kraftprisane fall i heile Nord-Europa førre veke. I sørlege Noreg fall kraftprisane med om lag 60 prosent, og gjennomsnittleg vekepris var 98 øre/kWh. Dette er den lågaste vekeprisen i sørlege Noreg hittil i år, skriver NVE i Kraftsituasjonsrapporten for veke 40.

Mykje nedbør og vind store deler av veka ga meir uregulerbar kraftproduksjon i  Norden. Dette bidrog til at kraftprisane i både Noreg og resten av Norden stort sett var under 100 øre/kWh frå onsdag og ut veka.  Enkelte timar onsdag og torsdag hadde alle dei nordiske prisområda nær nullpris. Noreg var nettoeksportør av kraft til Tyskland og Storbritannia, men nettoimport frå  Midt-Noreg, Sverige og Danmark bidrog til at sørlege Noreg totalt sett likevel var nettoimportør førre veke.

Mykje vind og tilsig bidrog til at kraftproduksjonen i sørlege Noreg auka i veke 40 samanlikna med veka før. Produksjonsnivået var framleis på eit lågt nivå for veka samanlikna med dei siste 10 åra. Det høge tilsiget ga ein auke i magasinfyllinga i sørlege Noreg med 5,4 prosenteiningar.  Det er sjeldan med ein så kraftig auke i løpet av ei veke på hausten.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 40 2022 (PDF).

Rapporteringen frå vasskraftprodusentane i sørlege Noreg

Det er 10 produsentar i sørlege Noreg som sender inn rapportar med informasjon om produksjon og magasinfylling. Totalt er det data frå 63 kraftverk i desse rapportane. Desse kraftverka har ein samla magasinkapasitet på 43,7 TWh, noko som utgjer 76 prosent av den totale magasinkapasiteten i sørlege Noreg.

Last ned rapporteringen fra produsentene for veke 40 2022 (PDF).

Vassmagasinstatistikk

Ved utgangen av veke 40 var fyllingsgrada i norske magasin 73,4 prosent. Til samanlikning er medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt 81,7 prosent for åra 2002-2021. Gjennom veka auka magasinfyllinga med 4,0 prosenteiningar. Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (prisområde 4) med 87,9 prosent, mens Sørvest-Noreg (prisområde 2) hadde lågast fylling med 59,1 prosent

Les meir om vassmagasinstatistikk her.

Kommentarer

kommentarer