Nyhetsartikkel

07 desember 2022

Rekordhøg nettoeksport og høgare kraftprisar i veke 48

Kraftprisane i Norden og Nord-Europa auka ytterlegare i veka som gjekk. Mindre vindkraft og høgare brensels- og CO2-pris bidrog til auken. I sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5)  var vekesprisen 305 øre/kWh, ein auke på 70 prosent frå veka før. Prisane i landa Noreg har utvekslingskapasitet med var enda høgare, noko som førte til at Noreg hadde den høgaste nettoeksporten over ei veke nokosinne*, skriv NVE i kraftsituasjonsrapporten for veke 48/2022.

Auken i kraftpris var størst i Midt-Noreg (NO3) som hadde ein vekepris på 269 øre/kWh, ein auke på 240 prosent frå veka før.  Aldri før har Midt-Noreg hatt ein så høg vekepris. I enkelte timar var prisen i Midt-Noreg 500 øre/kWh og høgare enn i dei sørlege prisområda i Noreg. I desse timane var vindkraftproduksjonen nord i  Noreg og Sverige svært låg og Midt-Noreg fekk lik pris som Nord-Sverige (SE2). I Nord-Noreg (NO4) vart kraftprisen dobla frå veka før, og enda på 129 øre/kWh.

*Førebelse tal

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 48 2022 her.

Rapporteringen frå vasskraftprodusentane i sørlege Noreg
Det er 10 produsentar i sørlege Noreg som sender inn rapportar med informasjon om produksjon og magasinfylling. Totalt er det data frå 63 kraftverk i desse rapportane. Desse kraftverka har ein samla magasinkapasitet på 43,7 TWh, noko som utgjer 76 prosent av den totale magasinkapasiteten i sørlege Noreg.

Last ned rapporteringen fra produsentene for veke 48 2022 her.

Kommentarer

kommentarer