Nyhetsartikkel

13 januar 2022

Nettoeksport og lågare kraftprisar i nord

Kaldt vêr og ferieslutt bidrog til ein auke i norsk kraftforbruk i veke 1. Etter ei veke med låg vasskraftproduksjon grunna høg import frå kontinentet, auka også kraftproduksjonen førre veke, og Noreg var nettoeksportør av kraft i veke 1, skriv NVE i kraftsituasjonsrapporten for veke 1.  

Høg vindkraftproduksjon i dei nordlege prisområda i Noreg og Sverige førre veke bidrog til at kraftprisane i Midt- og Nord-Noreg (NO3, NO4) gjekk ned. Kraftprisen her var i snitt 45,9 øre/kWh, ein nedgang på 9 prosent samanlikna med veka før. Den gjennomsnittlege vekeprisen i dei sørlege prisområda i Noreg (NO1, NO2, NO5) var 147 øre/kWh i veke 1, det er omtrent på nivå med veka før.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 1 2022 (PDF)

Vassmagasinstatistikk
Ved utgangen av veke 1 var fyllingsgrada i norske magasin 53,3 prosent. Fyllingsgrada gjekk ned med 2,6 prosenteiningar frå veka før. Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 2002-2021 er 67,3 prosent. Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (område 4) med 67,2 prosent, mens Vest-Noreg (område 5) hadde lågast fylling med 46,9 prosent. Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

Kommentarer

kommentarer