Nyhetsartikkel

20 oktober 2021

Kraftsituasjonen veke 41, 2021: Fobruket auka med 11 prosent i i veke 41.

Auke på 11 porsent i forbruket i Sør-Norge. Vekeprisen sør i Noreg (NO1, NO2, NO5) var 105 øre/kWh.

I veke 41 auka forbruket i Noreg med elleve prosent. Auken har samanheng med kaldare vêr og høgare forbruk til oppvarming. Tilsvarande forbruksnivå for ei veke har det ikkje vore i Noreg sidan i vår.

Vekeprisen i Midt- og Nord-Noreg var 23 øre/kWh, ein nedgang på høvesvis 45 prosent for Midt-Noreg (NO3) og 28 prosent for Nord-Noreg (NO4), samanlikna med veke 40. Vekeprisen sør i Noreg (NO1, NO2, NO5) var 105 øre/kWh. Det har i store delar av året vore ein prisforskjell mellom sør og nord i Noreg. Førre veke auka prisforskjellen ytterlegare, hovudsakleg på grunn av reduksjon av kraftprisen i nord.

Kraftprisane i heile landet vart noko redusert gjennom veka. Høg vindkraftproduksjon ga tidvis import av rimeleg kraft frå Sverige og kontinentet.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 41 2021 (PDF).

Vassmagasinstatistikk
Framleis auke i fyllingsgrada. Ved utgangen av veke 41 var fyllingsgrada i norske magasin 67,5 prosent. Gjennom veka gjekk magasinfyllinga opp med 1,0 prosenteiningar. Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 2001-2020 er 82,9 prosent.

Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (NO4) med 83,0 prosent, mens Sørvest-Noreg (NO2) hadde lågast fylling med 56,9 prosent. Les meir om Vassmagasinstatistikk her.

Kommentarer

kommentarer