Nyhetsartikkel

06 oktober 2021

Meir nedbør og vind bidrog òg til at den norske ressurssituasjonen vart betra

Kraftsituasjonen veke 39, 2021: Vått og vindfullt vêr bidrog til lågare kraftprisar sist veke

Høg vindkraftproduksjon i Norden og på kontinentet bidrog til at vekeprisen på kraft falt i alle prisområda frå veke 38 til veke 39. Nedgangen kjem hovudsakleg av at kraftprisane søndag morgon falt ned til og under null. Negative kraftprisar er ikkje vanlege i Noreg, og oppstår typisk når låg etterspurnad samanfall med høg uregulerbar kraftproduksjon.

Meir nedbør og vind bidrog òg til at den norske ressurssituasjonen vart betra samanlikna med veka før. Den nors­ke magasinfyllinga gjekk opp med 1,7 prosentpoeng frå veke 38 til 39, og ligg no 18 prosentpoeng under median.

North Sea Link (NSL) vart satt i prøvedrift fredag 1. oktober, og er dermed offisielt tilgjengeleg for handel i kraftmarknaden. Sjøkabelen vil kunne overføre 1400 MW kraft mellom Storbritannia og Sørvest-Noreg (NO2), men vil ha avgrensa kapasitet på 700 MW den første tida. Forbindelsen blei nytta utelukkande til eksport førre veke.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 39 2021 (PDF).

Kilde: nve.no

Kommentarer

kommentarer