Nyhetsartikkel

27 januar 2021

Mildare vêr og lågare kraftprisar

I veke 3 gjekk temperaturane opp og låg over normalen i heile Noreg, med unntak av Nord-Noreg, som fekk kaldare vêr. Dette bidrog til ein reduksjon i straumforbruket. Den gjennomsnittlege norske kraftprisen var på 39,9 øre/kWh denne veka, ein nedgang på 22 prosent samanlikna med veka før, rapporterar NVE

Kraftprisane i Sør-, Aust-, og Vest-Noreg følgde i stor grad kraftprisane i Sverige og på kontinentet. Midt- og Nord-Noreg hadde periodar med noko lågare kraftprisar. I desse periodane vart eksportkapasiteten fullt utnytta, og grunna innestengt kraft hell prisane seg lågare enn i dei andre områda. Mot slutten av veka var det også avgrensingar i eksportkapasiteten ut frå Nord-Noreg grunna ein feil i kraftnettet.

Som følgje av ein feil vart NorNed-kabelen tatt ut av drift denne veka. Den er ikkje forventa tilbake før i april.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 3 2021 (PDF).

Kommentarer

kommentarer