Nyhetsartikkel

19 september 2019

Nei til vindkraft

Nesten alle kommunane innanfor nasjonal ramme for vindkraft på land som så langt har uttalt seg seier nei til framlegget, skriver Klassekampen.

Dersom vindkraft skal verte ein del av det grøne skiftet, kan havet verte redninga, for nasjonal ramme for vindkraft på land er i ferd med å rivne. Det syner eit førebels oversyn Klassekampen har henta inn to veker før høyringsfristen går ut.

• 97 kommunar har areal innanfor eit av dei 13 områda Norges Vassdrags- og energidirektorat (NVE) meiner er veleigna for vindkraft.
• 68 kommunar har vedteke fråsegn til nasjonal ramme. Berre to av desse seier ja til vindkraftverk i kommunen.
• Klassekampen har vore i kontakt med ordførarane i ytterlegare 18 av dei 97 kommunane. 15 av ordførarane er negative, medan tre er positive til at kommunens areal ligg innanfor nasjonal ramme.

– Eg er ikkje overraska over svara. Den negative haldninga i kommunane heng saman med at mange av konsesjonane som er gitt, er konfliktfylte og tufta på mangelfullt kunnskapsgrunnlag, seier leier i Naturvernforbundet, Silje Lundberg, til Klassekampen.

Denne oppfatninga deler styremedlem i La Naturen leve, Trine Borg-Heggedal.

– Kunnskapen om kva utbygginga fører med seg har nådd ut til kommunane. Samstundes er dette eit valår, og kommunane måtte ta stilling til om dei ville ha meir vindkraft.

Positive i Finnmark
Framleis manglar fråsegner frå 29 kommunar. Denne veka skal fleire handsame høyringa. Forkjemparane for nasjonal ramme finn lita trøyst i innstillingane til kommunestyra. Ingen av dei er positive til at kommunen har areal innanfor nasjonal ramme.

Rådmannen i Askvoll skriv i innstillinga:
«Kommunestyret er positive til at det vert fastsett ei Nasjonal ramme for vindkraft. Kommunestyret vurderer likevel at kunnskapsgrunnlaget i dokumentet er for svakt til at ramma kan nyttast slik ho ligg føre. Kommunestyret meiner at området som er føreslege i Askvoll kommune, ikkje er eigna til vindkraftutbygging, og at det må takast ut av Nasjonal ramme for vindkraft.»

Olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (Frp) har ved fleire høve sagt synspunkta til kommunane veger tungt i saker som gjeld konsesjon til vindkraftutbygging. Skal Olje- og energidepartementet følgje høyringsfråsegnene frå kommunane, er det berre eitt av dei 13 veleigna områda som overlever. Det ligg i Vest-Finnmark. Der finn vi tre positive ordførarar frå Hammerfest, Kvalsund og Måsøy. Kommunestyra i Nordkapp og Porsanger har også sagt ja til vindkraftverk i kommunen.

Nok er nok
Norwea meiner det må leggjast til rette for utbygging av 30 terawattimar med fornybar energi innan 2030.

Argumenta imot varierer. I Trøndelag, som har 40 prosent av all vindkraftutbygging i landet, seier kommunestyra at dei har teke sin del. Det er nok no. Dette gjeld nær alle kommunar i dei tre områda som NVE meiner er veleigna for vidare vindkraftutbygging – Namdal, Trøndelag og Møre og Indre Sør-Trøndelag.

Dette er argument som går att i andre vindkraftkommunar elles i landet. I området Vest-Agder og Rogaland som dekker heile eller delar av 17 kommunar, ligg det føre fråsegn frå 15 kommunestyre eller formannskap. 14 seier nei til å ha areal for vindkraft innanfor kommunegrensa.

Evje og Hornnes kommunestyre som har areal i to område, er kritisk til kunnskapsgrunnlaget nasjonal ramme bygger på:
«Påstanden om at områdene her sør har et lavere konfliktnivå enn andre steder er basert på en svært overordnet sårbarhetsanalyse og tar ingen hensyn til lokale verdier. Siden en rammeplan for vindkraft på land vil gi et tydelig signal til potensielle utbyggere er det urovekkende at den ikke er basert på et bedre kunnskapsgrunnlag.»
Kommunane er heller ikkje nøgde med kva vindkraftverka kastar av seg økonomisk.
I Vestland fylke er motstanden nesten like stor. Alle kommunestyra i området Nordhordland og Gulen seier nei. I dei ni kommunane i området Sunnhordland og Haugalandet har fire så langt sagt nei, medan det er venta fråsegn frå dei siste fem i slutten av september.

Kjelde: KLassekampen

Kommentarer

kommentarer