Nyhetsartikkel

02 mai 2019

Avslag til regulering av Instebotnvatnet i Vestnes kommune

NVE gjev ikkje løyve til regulering av Instebotnvatnet i Vestnes kommune i Møre og Romsdal fylke. Reguleringa ville ha gitt om lag 1,9 GWh årleg i ekstra produksjon i Sesselva kraftverk, noko som svarar til straumbruken til om lag 90 husstandar.

NVE meiner at ei regulering på 2 m vil ha for stor negativ innverknad på landskap og friluftsliv. Tiltaksområdet er i dag prega av få menneskelege inngrep, og vatnet som skal regulerast ligg i eit regionalt viktig friluftsområde.

Fordelane i form av energiproduksjon på knappe 1,9 GWh veg etter vårt syn ikkje opp for dei store ulempene knytt til landskap og friluftsliv.

Kommentarer

kommentarer