– Å setje vindmøller på 250 meter inn i fjordlandskapet vårt synest vi er tragisk
Turistane kjem til Noreg for å oppleve urørt natur og utbygging av vindkraft vil truge Noreg sitt omdømme som reisemål, meiner reiselivsaktørar på Vestlandet.
– Å setje vindmøller på 250 meter inn i fjordlandskapet vårt synest vi er tragisk og veldig vanskeleg å foreine med det vi driver med i reiselivet, seier Dag Aksnes, direktør NCE Tourism, til NRK.
Måndag denne veka la Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) fram sitt forslag til ein nasjonal ramme for vindkraft på land. NVE har peika ut 13 område fordelt over heile landet, som egna for vindkraftutbygging.
Forslaget, som no skal ut på høyring, har skapt sterke reaksjonar.
Viktige område
– Det er naturen som er fortrinnet vårt. Gjer vi naturen om til eit industrianlegg, så vil det gå ut over omdømme vårt som reisemål, meiner Aksnes.
Han får støtte av administrerande direktør i Fjord Noreg, Kristian Jørgensen.
– Urørt natur er ein mangelvare i verda og det er ingen tvil om at det er det turistane kjem til Noreg for å oppleve. Får vi opp store vindmøller rundt om kring, så vil ikkje motivasjonen for å kome til Noreg vere den same, seier Jørgensen.
Både Aksnes og Jørgensen meiner at dei 13 områda som NVE ser på som egna for vindkraftutbygging, også er viktige område for reiselivsnæringa.
– Trolltunga og Preikestolen har nok besøk. No jobbar vi med å finne nye område som vi kan utvikle for å vere klar for veksten som er venta i reiselivet. Så det handlar om å sjå potensialet for framtida, seier Jørgensen.
Les mer hos NRK