Fylkeslaget har sendt inn ei rekke endringsforslag til distriktsutvalets innstilling som skal vedtakast på landsmøtet til Arbeidarpartiet i helga.

Fire av forslaga handlar om vindkraft. Det første slår fast at kommunar skal ha tilnærma vetorett for kommunar når det gjeld utbygging av vindkraft:

«Kriteria for å tillate vindkraftutbygging må inkludera aksept frå råka kommunar i tillegg til natur- og miljøfaglege vurderingar, tilgang til eksisterande nett og andre forhold», skriv Vestland Ap.

– Det er ikkje tvil om at dei på Vestlandet har ofra mykje allereie for fornybarsamfunnet, seier Persen.

Ja til havvind
Ho er bekymra for urørt og sårbar natur. Derfor meiner Vestland Ap det er viktig at partiet er tydeleg på at det er havvind, ikkje vindmølleparkar på land, som er framtida.

– Det er der vi kan bruke kompetanse og teknologien frå olje-gassektoren. Havvind kjem til å gi nye arbeidsplassar, samtidig som det gir grunnlag for både delelektrifisering av norsk sokkel og reduksjon av CO₂-utslepp, seier Persen

Helst ønskjer fylkespartiet at godkjenning av nye vindmølleparkar skal vente fram til det er utarbeida ein nasjonal plan for vind- og vasskraft.
Les mer hos NRK