NVE varsler om og vedtar tvangsmulkt for manglande rapportering av anleggsdata
NVE har fatta vedtak om tvangsmulkt til 16 områdekonsesjonærar og sendt varsel om tvangsmulkt for 170 konsesjonærar og eigarar av produksjonsanlegg på grunn av manglande rapportering av anleggsdata.
NVE har sendt fleire vedtak til Statnett som systemansvarlig og alle konsesjonærar i kraftbransjen for å opprette og kvalitetssikre ein nasjonal database for kraftsystemdata. Statnett har utvikla Fosweb som innrapporteringsportal av kraftsystemdata. Konsesjonærar for anlegg med spenning på 30 kV og høgare og eigarar av produksjonsanlegg over 1 MW er pålagt å rapportere inn data i denne portalen.
-Data om anlegg i kraftsystemet er eit viktig grunnlag for at både NVE og Statnett skal kunne ivareta sine samfunnsoppgåver. Med Fosweb kan vi forenkle fleire av våre rapporteringskanalar inn til ein hovuddatabase, seier Anne Vera Skrivarhaug, direktør for Energiavdelinga i NVE.
Rapporteringa til Fosweb har hatt ulike fristar, men siste frist, for dei som ikkje har fått utsetting, gjekk ut 1. mai 2018. Rett etter nyttår vart områdekonsesjonærar som hadde store manglar på si rapportering varsla om at NVE ville vurdere å treffe vedtak om tvangsmulkt dersom data ikkje var ferdig rapportert i Fosweb innan 1. mars.
NVE sendte fredag 15. mars ut vedtak om tvangsmulkt til 16 områdekonsesjonærar som ikkje har ferdigstilt si rapportering. I tillegg har NVE sendt ut varsel om at vi vurderer tvangsmulkt for 170 konsesjonærar og eigarar av produksjonsanlegg, dersom desse ikkje rapporterar sine anleggsdata innan 1. juni 2019. NVE vil følgje opp desse aktørane utover våren og sommaren.