NVE gjev løyve til å byggje Turrelva kraftverk i Tromsø kommune i Troms
Kraftverket vil produsere om lag 10,8 GWh straum i året. Dette svarar til straumbruken til om lag 500 husstandar
NVE har handsama søknad frå Småkraft AS om å byggje Turrelva kraftverk i Tromsø kommune i Troms. Troms Kraft Produksjon AS har tidlegare sagt frå seg løyve om overføring av Turrelva som skulle nyttast i eit nytt Stordal kraftverk, som del av Ullsfjordenutbygginga.
I vedtaket har NVE lagt vekt på at kraftverket vil vere eit bidrag til auka fornybar kraftproduksjon med avgrensa ulemper knytt til landskap, naturmangfold og reindrift. Det er planlagd slepp av minstevassføring og avbøtande tiltak for reindriftsinteressa.
Kraftverket vil produsere om lag 10,8 GWh straum i året. Dette svarar til straumbruken til om lag 500 husstandar.
NVE vurderer i sum at nytten av tiltaket er større enn skader og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Turrelva kraftverk.
Les meir om Turrelva kraftverk:
https://www.nve.no/konsesjonssaker/konsesjonssak?id=8077&type=V-1