Nyhetsartikkel

07 november 2018

NVE har vedtatt endringar i kraftrasjoneringsforskrifta

Endringa går ut på å forskriftsfeste gjeldande krav til planlegging for kraftrasjonering, og samtidig gi noko større handlingsrom for nettselskapa.

Av Informasjonsavdelinga, NVE

Noreg er eit land der straumproduksjon er avhengig av vasskraft. Dette gjer at ein er avhengig av å få tilført nok vatn i magasina eller ha tilstrekkelig import, for å ha tilstrekkelig energi gjennom vinteren. Sannsynet for energimangel blir sett på som svært lågt. Marknaden fungerer så godt at det må svært spesielle forhold til for at det oppstår energimangel. Dersom det, i ekstraordinære tilfelle, ikkje er tilstrekkelig energi tilgjengeleg kan Olje- og Energidepartementet (OED) erklære kraftrasjonering. Kraftrasjonering inneber tvungen reduksjon av kraftforbruk. Prinsipp for vedtak og gjennomføring av ei kraftrasjonering er gitt av kraftrasjoneringsforskrifta.

Forskriftsfesta krav
Nettselskap er pålagt å legge planar for gjennomføring av ei kraftrasjonering. Krava til slike planar har sidan 2006 vore spesifisert gjennom eit vedtak til nettselskapa. NVE vedtar no ei endring i kraftrasjoneringsforskrifta for å samle eksisterande krav om planlegging for ei rasjonering i denne. I tillegg er det gjort enkelte justeringar i krava basert på innkomne høyringsinnspel.

Endringa i forskrifta gir ikkje noko meir omfattande krav til nettselskapa utover det som allereie er krav om i dag. Krava som er foreslått i forskriftsendringa vil gi nettselskapa noko større handlingsrom, men samtidig sikre at planane gir eit godt grunnlag for gjennomføring av ei eventuell rasjonering.

Rasjonering og AMS
Samtidig med høyringa av innlemming av krav til rasjoneringsplanar ønska NVE innspel på korleis brytarfunksjonen i AMS kan brukast for å redusere sannsynet for å måtte gjennomføre ei sonevis roterande utkopling i ein rasjoneringssituasjon og derfor gi ei meir skånsam handtering av kraftrasjonering. Dei fleste høyringsinstansane kommenterte også dette og kva konsekvensar krav om auka bruk av AMS kunne gi. NVE vil framover vurdere desse innspela og om det er hensiktsmessig å stille nokon spesifikke krav til bruk av AMS. Dersom ein eventuelt kjem fram til at det kan vere hensiktsmessig, vil det bli gjennomført ei ny høyring for dette.

Endringane vart vedtatt 1. november og er gjeldande frå 1.januar 2019.

Forslaget til endringane var på høyring i vår. NVE fekk 17 høyringsinnspel. Sjå meir om høyringsrunden her 

Les oppsummeringa av høyringa og endelig forskriftstekst i NVE rapport 91/2018

Kilde: NVE

Kommentarer

kommentarer