15
august
2018
17,9 prosent lavere magasinfylling enn normalen for årstida i Norge
Auke i magasinfyllinga. Ved utgangen av veke 32 var fyllingsgraden i norske magasin 62,6 prosent.
Gjennom veka gjekk fyllingsgraden opp med 1,7 prosenteiningar, mot 0,9 prosent veka før.
Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2017 er 80,5 prosent.
Høgast magasinfylling hadde Vest-Noreg (område 2) med 67,7 prosent, medan Midt- og Nord-Noreg (område 3) hadde lågast fylling med 55,9 prosent. Søraust-Noreg (område 1) hadde ein fyllingsgrad på 64,3 prosent.
1996, 2006 og 2010 er andre år med låg magasinfylling på sommaren:
- I 1996 var magasinfyllinga i veke 31 57,0 prosent, og steg sakte dei neste vekene.
- I 2006 var magasinfyllinga litt lågare enn i dag i veke 32 (59,4 prosent), og den gjekk litt ned før den steg igjen.
- I 2010 var magasinfyllinga litt høgare enn no i veke 32 (65,3 prosent), og steg dei neste veken