16
mars
2018
Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen opnar nytt datasenter i Mo Industripark tirsdag 20. mars
Datasenteret i Mo Industripark blir eit av landets største. Det internasjonale blokkjede-selskapet Bitfury Group står bak. Næringsministeren opnar deretter ny kran på Rana Industriterminal.
-Eg er strålande nøgd med at Bitfury vel å leggje sitt nye datasenter til Mo i Rana. Datasenter er ei næring som kan bidra med auka sysselsetjing og verdiskaping over heile landet. Pilane peiker òg oppover for Nordland: arbeidsløysa er lav, og det er vekst i produksjon og eksport. Her ser vi ein industri som er grønnare, smartare og nyskapande, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.