Utolmodige
Han får støtte frå ei undersøking gjennomført av YouGov for forsikringsselskapet If, som viser at berre to av ti kjenner til myndigheitene si liste over kva ein bør ha heime i tilfelle ein krisesituasjon.Skår trur langvarige straumbrot kan kome spesielt overraskande på folk i byane.

– I distrikta opplever vi at folk har større forståing og er betre førebudd enn i meir sentrale strok. Der er mange meir utolmodige med å få straumen tilbake.

Jens Skår
OPPMODAR FØREBUING: – Det er viktig at folk er førebudd på å kunne handtere ein situasjon der straumforsyninga er vekke i fleire dagar, seier Jens Skår i BKK.Foto: NRK

Han understrekar at BKK varslar kundane dersom det er meld uvêr og ein forventar at det kan bli straumstans.

– Spesielt i mindre geografiske område kan det skje at vi opplever skadar og havari på anlegga, som gjer at folk blir straumlause i periodar, seier Skår.

Ikkje førebudd
Også Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) meiner nordmenn bør vera best mogleg rusta mot uventa hendingar.

Dei presenterer denne lista over ting som nordmenn bør ha klart i heimen til ei kvar tid:

– Vi bur i eit land der vi vande med at alt fungerer heile tida. Då blir det utfordrande dei gongene noko blir sett ut av spel. Det viktigaste er at ein då har tenkt gjennom kva ein treng og har det på plass, seier Skorpen.

Lars Atle Skorpen i Røde Kors Hordaland
MAT OG DRIKKE: Lars Atle Skorpen i Røde Kors Hordaland seier folk bør ha mat og drikke for minst fire til seks dagar ved uventa hendingar.Foto: NRK

opp på drikke og mat
Som DSB har Røde Kors sett saman ei liste dei kallar «Beredskapsvettreglane».

To av dei totalt 16 punkta anbefaler folk å ha nok drikke og mat lagra for minst fire til seks døgn. Ein regel er å rekna to til tre liter vatn per person per døgn.

– Ved straumbrot eller andre uventa situasjonar er det tre ting som er viktig: Halde varmen, ha trygg drikke og etter kvart også ha mat. Ganske mange har tenkt på det, men ikkje så mange har gjort noko med det, seier Skorpen i Røde Kors.