Nyhetsartikkel

18 oktober 2017

Løyve til Aunelva minikraftverk

NVE gjev Aunelva minikraftverk SUS løyve til å bygge Aunelva minikraftverk i Sørli kommune i Nord-Trøndelag. Kraftverket vil produsere om lag 3,7 GWh i eit medels år. Dette svarar til straumbruken til om lag 280 husstandar.

Aunelva minikraftverk vil nytte eit fall på 52 m i Aunelva mellom inntak på kotehøgde 462 og kraftstasjon på kotehøgde 410. Vassvegen på om lag 950 m er planlagt nedgrave på heile strekninga.

Aunelva er eit sidevassdrag til Sørlivassdraget, som blei verna gjennom verneplan III for vassdrag. Verneverdiane er særleg knytt til kor urørt vassdraget er og kva verdi vassdraget har som type- og referansevassdrag. Friluftsliv, reindrift og samiske interesser er viktige bruksområde.

NVE legg vekt på at ei utbygging av Aunelva kraftverk vil vere eit bidrag til auka produksjon av fornybar energi med avgrensa miljøeffektar. NVE meiner at kraftverket i liten grad vil komme i konflikt med verneverdiane i området, som er sterkt prega av landbruksdrift, veger og bureising. Det har også vært utført omfattande flomsikringsarbeide på delar av utbyggingsstrekninga. NVE meiner nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Aunelva minikraftverk.

For nærare grunngjeving, sjå omtale av saka på vår nettstad:

Løyve til Aunelva minikraftverk – NVE

Kommentarer

kommentarer