Nyhetsartikkel

14 august 2017

Lobbyistanes dansegolv

Det er den politiske eliten som er mest ettertrakta når organisasjonane flokkar seg til Arendals­uka. Det er langt mindre viktig å møte vanlege folk, viser ny forsking.

Minglefest for skravleklassen eller årets viktigaste politiske møteplass? Arendalsuka opnar i dag, og sørlandsbyen blir fylt opp av politikarar, journalistar, næringslivsfolk og ei rekkje organisasjonar.

Eit nytt forskingsprosjekt ser for fyrste gong på kva slags møteplass Arendalsuka eigentleg er, skriver Klassekampen.

Ketil Raknes er høgskulelektor og doktorgradsstipendiat ved Høyskolen Kristiania, og i tillegg tilknytt Senter for studier av politisk kommunikasjon (Polkom) ved Universitetet i Oslo. Saman med Arendalsuka skal dei no finne ut meir om korleis Arendalsuka faktisk fungerer for dei som deltek der.

Hundrevis av små og store arrangørar står bak eit temmeleg variert program. Men Raknes viser at målet er det same for svært mange: Å påverke politikarane. Femti prosent av dei som har svart på undersøkinga peikar på dette. Berre ein firedel meiner kontakt med publikum er viktigast. Kontakt med næringsliv, frivillige og media kjem endå lengre ned.

– Fleire bruker pr-byrå
– Det verkar som ein ekstremt viktig arena for lobbyisme. Motivasjonen for å delta er å fange merksemda til nasjonale politikarar i saker som er viktig for aktørane, fortel Raknes til Klassekampen.

Sjølv skulle han vite kva han snakkar om: Raknes har arbeidd i PR-byrået Burson-Marsteller og har fartstid som rådgjevar – eller spinndoktor – for SV.

Han fortel at inntrykket er at stadig fleire bruker innleigd hjelp for å vinne kampen om merksemda.

– Fleire bruker PR-byrå for å få dei rette deltakarane og lage dei gode overskriftene, seier Raknes.

Dette er noko av det dei skal studere nærare i del to av prosjektet.

Helse viktigast
I undersøkinga seier 21 prosent av dei som har svart at helse er den viktigaste valkampsaka. Både miljø/energi og skule får 11 prosent, medan arbeidsliv, samferdsel og næring er viktigaste sak for høvesvis 8, 7 og 5 prosent.

– Dette er påfallande, ettersom helse så langt har vore nesten fråverande i valkampen. Men helsebudsjettet er jo ein enormt stor post på statsbudsjettet, og gjeld utruleg mange folk, seier Ketil Raknes til Klassekampen.

Temaet innvandring, som dei siste åra har vore veldig sterkt til stades i den politiske debatten, er nesten fråverande.

– Om lag éin prosent av organisasjonane meiner det er den viktigaste saka, seier høgskulelektoren.

Kommentarer

kommentarer