Ikkje løyve til småkraftverk i Kviteseid
NVE gjev ikkje Kvennåi Falleigarlag løyve til å bygge Kvennåi kraftverk i Kviteseid kommune i Telemark.
Ei utbygging av småkraftverket ville etter omsøkt plan gje om lag 5,4 GWh per år. Dette svarar til straumbruken til om lag 270 husstandar. Produksjon er i nedre sjikt av kva som er vanleg for småkraftverk. Utbyggingsprisen vil etter NVE si berekning ligge på omlag 8,35 kr/kWh, som er ein høg pris for små vasskraftverk. Tiltaket vil også medføre store inngrep i terrenget, med inntak, overføringar, regulering og røyrgate som er teknisk sett krevjande å gjennomføre.
Kvennåi kraftverk var planlagt med eit inntak i Fisktjønnbekken og eit inntak i Mjaugedalsåi. Det var òg søkt om overføring av Nystaulbekken og om regulering av Nusstjørn på åtte meter. I vedtaket har NVE lagt vekt på at kraftverket er planlagt i eit område som er anleggsteknisk svært krevjande, og at tiltaket er eit dyrt prosjekt.
Dei anleggstekniske utfordringane som følgjer av terrenget i tiltaksområdet og kostnadene forbunde med ei realisering, gjer at det etter NVEs vurdering ikkje er føremålstenleg å bygge kraftverket. Det planlagte tiltaket omfattar også store inngrep i naturen sett i forhold til ein relativt liten mengde kraftproduksjon. NVE meiner skadar og ulemper er større enn nytta av tiltaket, og gjev difor ikkje løyve til bygging av Kvennåi kraftverk.