Nyhetsartikkel

20 februar 2017

To løyve og eitt avslag til småkraftverk i Lærdal

NVE gjev løyve til Tynjadalen og Fosseteigen kraftverk i Lærdal kommune i Sogn og Fjordane. Øvre Kvemma kraftverk får ikkje løyve.

Det er falleigarane i Kuvelda som har søkt om Fosseteigen og Tynjadalen kraftverk. Kraftverka vil gje ein samla produksjon på om lag 39 GWh årleg. NVE avslår søknad frå Lærdal og Aurland Grønnkraft AS om Øvre Kvemma kraftverk. Kraftverket ville gitt om lag 24,3 GWh årleg.

Sentrale tema i vurderinga av prosjekta har vore landskap, terrenginngrep, biologisk mangfald og samla belastning.

Etter NVE si meining er inngrepa ved Tynjadalen og Fosseteigen kraftverk akseptable når dei vegast opp mot fordelane i form av auka fornybar kraftproduksjon og lokal verdiskaping. NVE meiner ulempene knytt til Øvre Kvemma kraftverk er større enn fordelane.

Les meir om kvart kraftverk:

Fosseteigen kraftverk

Tynjadalen kraftverk

Øvre Kvemma kraftverk

Kommentarer

kommentarer