Nyhetsartikkel

27 november 2016

Også i 2016 smelta breane tilbake

NVEs frontmålingar av 36 brear viser at i 2016 har 30 brear har trekt seg tilbake, fire brear er uendra, medan målingar ved to brear viste framgang.

Den største tilbakegangen i år hadde Gråfjellsbrea ved Folgefonna (-117 meter), Langfjordjøkelen i Vest-Finnmark (-96 meter) og Nigardsbreen ved Jostedalsbreen (-70 meter).

Ein austleg utløpar frå Langfjordjøkelen på grensa mellom Troms og Finnmark i 2000 og 2016. Brefronten har her trekt seg tilbake 517 meter i perioden. Foto: Turid Anne Drageset/NVE og Solveig Hafstad Winsvold/NVE

– Alle dei målte breane er no mindre enn dei har vore nokon gong sidan frontposisjonmålingar starta rundt år 1900, og truleg mindre enn dei har vore på mange hundre år, seier Rune Engeset seksjonssjef for bre-, is og snø i NVE.

I Sør-Noreg har 20 av 25 målte brear trekt seg tilbake. Tre brear har lite endring medan to brear har gått litt fram.

Rundt Jostedalsbreen har 8 målte brear i snitt trekt seg tilbake 21 meter. Nigardsbreen i Luster har trekt seg 70 meter tilbake i år, og 317 meter tilbake i løpet av dei siste 10 åra. Fem brear med samanhengande målingar har i gjennomsnitt trekt seg tilbake 293 meter dei siste 10 åra.

I Jotunheimen har 8 målte brear i snitt trekt seg tilbake 6 meter i år. Hellstugubrean har trekt seg tilbake 14 meter i år, og 99 meter dei siste 10 åra. Dei siste 10 åra har 6 brear i snitt vorte 82 meter kortare.

Dei 2 breane som viser framgang er Vetle Supphellebreen i Fjærland og Bøverbrean i Lom. Målingane ved Vetle Supphellebreen tok til i 2011. Brefronten har flytta seg litt fram og tilbake i perioden, men ligg i om lag same posisjon no som i 2011. Fronten til Bøverbrean har vore snødekt sidan 2013. I løpet av desse åra har snøen frose på breen slik at den faste brefronten har flytta seg, men utan at breen kan seiast å ha hatt framgang.

I Hardanger har 8 målte brear i snitt gått 30 meter tilbake i år. Gråfjellsbrea på vestsida av Folgefonna har trekt seg 117 meter tilbake og 425 meter tilbake i løpet av dei siste 10 åra. Sju brear har i snitt trekt seg tilbake 147 meter dei siste 10 åra.

– Tilbakegongen til breane har vore spesielt merkbar rundt Jostedalsbreen. Ved seks av dei kjende brearmane har frontposisjonmålingane vorte avbrotne fordi det enten har vorte for farlig eller for vanskeleg å måle frontposisjonen, eller fordi brefronten har vorte liggande slik til at det ikkje er endring frå år til år. Eit døme på dette er Briksdalsbreen der brefronten no ligg på kanten av eit stup, forklarar Engeset.

I Nord-Noreg har 10 av 11 målte brear trekt seg tilbake, medan ein bre viser stillstand. Sju brear med samanhengande målingar har i snitt trekt seg tilbake 188 meter dei siste 10 åra.

I Nordland har 7 målte brear i snitt trekt seg tilbake 24 meter i år. Austre Okstindbreen i Hemnes har trekt seg tilbake 28 meter i år, og 190 meter tilbake i løpet av dei siste 10 åra.

I Nord-Troms og Vest-Finnmark har 4 målte brear i snitt trekt seg tilbake 31 meter i år. Langfjordjøkelen i Loppa har trekt seg tilbake 96 meter i år og 312 meter dei siste 10 åra.

Midlare frontendring for dei målte breane i 2016 er tilbake 19 meter. Dette er om lag det same som gjennomsnittet etter år 2000. Dei målte breane utgjer om lag 14 prosent av brearealet i Noreg. Gjennomsnittleg tilbakegang for 21 brear med samanhengande målingar dei siste 16 åra er 258 meter

Kommentarer

kommentarer