Nyhetsartikkel

27 november 2016

Løyve til Harstveitbeken kraft

NVE gjev Harstveitbekken kraft AS løyve til å overføre Skrebekk til Harstveitbekken kraftverk og auke slukeevna og installert effekt i Harstveitbekken kraftverk i Åmli kommune i Aust-Agder.  NVE gjev ikkje løyve til regulering av inntaksmagasinet.

Harstveitbekken kraftverk vart bygd konsesjonsfritt i 2009 og har no fått løyve til å auke produksjonen i eksisterande kraftverk, tilsvarande 1 GWh.  NVE legg vekt på at tiltaket vil vere eit bidrag til auka produksjon av fornybar energi med akseptable verknadar for naturmiljø og landskap.

Avslaget på reguleringa er i hovudsak grunngjeve med at reguleringa vil gje liten energigevinst, og samstundes ha noko negativ verknad på landskap og auka den samla belastninga på vassdraget nedanfor kraftverket ved endra driftsmønster i kraftverket.

Les meir om saka

Kommentarer

kommentarer