Nyhetsartikkel

02 november 2016

Lutelandet-parken kan bli lagt på is

– Betaler ikkje Engie dei 75 millionane, kan vi berre gløyme å bygge vindparken, seier Stig Svalheim til Firda.

Det franske oljeselskapet Engie fekk Gjøa-konsesjonen mot å bygge kraftleidning til 75 millionar. No vil dei ikkje betale.

– Utan desse midlane må vi legge planane om ein vindmøllepark på Lutelandet på is, seier administrerande direktør i Vestavind Kraft, Stig Svalheim til Firda. Vestavind Kraft har fått konsesjon til å bygge ein vindmøllepark til rundt 400 millionar kroner på Lutelandet, men no kan ein krangel mellom det franske oljeselskapet Engie og Sogn og Fjordane fylkeskommune torpedere planane.

Engie nektar å betale, skreiv Firda 17. oktober (Lenke)

Bakgrunnen for usemja er at Sogn og Fjordane fylkeskommune var lova oljeaktivitet relatert til utbygginga av Gjøa-feltet. Statoil og dei andre operatørselskapa som den gong forhandla med styresmaktene kom fram til at ein i staden skulle skyte inn 121 millionar kroner i bygging av veg, djupvasskai og kraftleidningar til Lutelandet. I 2012 tok det franske energiselskapet Engie over som operatør for Gjøa-feltet etter Statoil.

Svalheim seier at etter årevis med arbeid og førebuingar nærmar ein seg no byggestart, og måtte forsikre seg om at 75 millionar til kraftleidning kom på bordet. Då venta ei overrasking: Engie meiner dei ikkje kan betale dei 75 millionane.

Bryt med EØS-reglane
– Vi meiner det bryt med EØS-reglane, sidan denne betalinga i realiteten kjem ein tredjepart til gode, og ikkje Sogn og Fjordane fylkeskommune, seier leiar for feltutvikling Anne Botne i Engie til Dagens Næringsliv.

For Vestavind Kraft kom den nye vendinga i saka kom overraskande:

– Vi registrerte ikkje anna enn at Engie tok over denne avtalen i 2012, og at dei aksepterte at dei overtok den forpliktinga på 75 millionar kroner. Vi har ikkje oppfatta nokon varsellamper i dette til no, men når vi no må forsikre oss om at desse pengane kjem, så er det altså reist eit betenkningsflagg frå Engie, seier Svalheim, som understrekar at Vestavind Kraft eigentleg står litt på sida av denne saka:

– Dette er jo eigentleg ei sak mellom Engie og fylkeskommunen. Det er fylkeskommunen som har inngått avtalen, og Engie som har overteke kontraktspartneren si rolle.

– Er det kroken på døra for vindmølleparken om dei 75 millionane ikkje blir betalt?

– Vi klarer ikkje starte opp utan dei. Men der er vi ikkje enno. Eg har tru på at dette vil løyse seg. Slik eg oppfattar dette, er dette førebels berre eit juridisk spørsmål som ein må få avklara.

Fylkesordførar Jenny Følling seier ho ikkje kan kommentere saka før ho har fått diskutert den med Næringsdepartementet:

– Rettsleg konflikt
– Vi har bedt om eit møte med næringsdepartementet, og vi vil diskutere den avtalen med dei. Det føreligg ein lovleg avtale mellom fylkeskommunen og Statoil, og så har Statoil transportert den avtalen til Engie. Så den avtalen er ein gyldig avtale. Eg avventar det møtet.

– Men kva kan Næringsdepartemenetet gjere med dette?

– Vi vil diskutere saka med dei, og eg vil ikkje seie meir om det før vi har snakka med dei, seier Følling.

– Dette er ein rettsleg konflikt mellom partane som det ikkje er naturleg for departementet å ta stilling til eller å uttale seg om, seier kommunikasjonssjef Trond Viken i Nærings- og Fiskeridepartementet.

– Nærings- og fiskeridepartementet hjelper departement og andre offentlege støttegivarar med forståinga av statsstøtteregelverket ved utarbeiding av nye støtteordningar. Departementet hjelper også i klagesaker som vert handsama av ESA. Gjøa-avtalen er ein sivilrettsleg avtale mellom fylkeskommunen og dei aktuelle partane. Å ta stilling til eller å uttale seg om denne saka ligg til domstolane, eventuelt ein voldgiftsdomstol dersom det er avtalt, seier Viken.

Kommentarer

kommentarer