Nye smartmålarar skal gi billigare straum
Nettselskapa startar no arbeidet i Møre og Romsdal med å installere dei nye smartmålarane for bruk av straum som vil gjere det lettare å halde straumkostnadene nede.
Ti nettselskap i Møre og Romsdal har gått saman og danna selskapet Smarthub som innan 1. januar i 2019 skal tilby alle straumabonnentar nye smartmålarar. Ei av hensiktene er å få folk til å fordele straumbruken ut over heile døgnet, slik at det blir minst mogleg belastning på nettet.
– Det er nettleiga ein først og fremst fokuserer på, men det er klart at dersom kvar enkelt kunde får oversikt over forbruket sitt time for time, så vil det vere mogleg å styre forbruket mot dei gjeldande kraftprisane, seier prosjektleiar Svein Ivar Morsund til NRK Møre og Romsdal.
Men sjølv om forbrukarane no i større grad kan tilpasse forbruket sitt til ulike tidspunkt på døgnet der straumprisane er lågare, må ein framleis bruke sunn fornuft, seier Morsund.
– Ein må legge forbruket til det ein meiner er ei forsvarleg tid på døgnet. Eg vil heilt klart ikkje anbefale at folk bruker vaskemaskiner eller tørketrommel på natta, eller når dei ikkje er heime.
- Les også:
Full utbygging innan 2019
Installeringa av dei nye målarane har allereie starta. I Nesset og Sunndal er arbeidet i gang og nokre brukarar har alt fått montert dei første kommunikasjonspunkta for dei nye målarane. Innan 2019 skal 150.000 abonnentar over heile Møre og Romsdal ha fått smartmålar i heimen sin.
Sjølv om det så langt har vore litt problematisk å få datatrafikken til å fungere, meiner Morsund at det ikkje blir eit problem å installere målarane, sjølv i gamle anlegg.
– Nei, dette er ein komponent som du enkelt skiftar i sikringsskapet. Det er klart det kan vere visse behov for tilpassingar enkelte stadar, men normalt skal dette gjerast på ein halvtime-time, seier han.
– Er slike målarar ein fordel for nettselskapa også, eller berre kundane?
– Det vil heilt klart vere ein fordel for nettselskapa også. Etter kvart vil dei kunne hente inn meldingar og alarmar som dei ikkje har i dag, seier Morsund.