Nyhetsartikkel

12 september 2016

Konsesjon til bygging av Tokagjelet kraftverk

Olje- og energidepartementet gir Nordkraft Prosjekt AS konsesjon til bygging av Tokagjelet kraftverk i Steinsdalsvassdraget i Kvam.

Utbygginga vil berøra ei elvestrekning på i underkant av 3 km

Tokagjelet er elvestrekninga mellom Longvotni på Kvamskogen og Steinsdalen. Vassdraget renn ut i Hardangerfjorden ved Norheimsund. Tokagjelet kraftverk vil ha ein kapasitet på 70 gigawatttimar. Det tilsvarer det årlege normalforbruket til rundt 3500 husstandar.

– Ny årleg vasskraftproduksjon frå Tokagjelet kraftverk vil vera et viktig bidrag i fornybarsatsinga vår. Over halvparten av produksjonen frå denne utbygginga vil vera kraft som vert produsert om vinteren. Det er spesielt verdifullt for forsyningstryggleiken, seier olje- og energiminister Tord Lien (FrP) i ei pressemelding.

Bidraget til den nasjonale satsinga på fornybar energi og omsynet til kraftforsyningstryggleiken er vegd opp mot forringinga av naturmangfaldet som prosjektet medfører. Utbygginga av Tokagjelet vil medføra negative virknader for naturtypane bekkekløft og bergvegg.

Revsgjelet litt lenger opp i vassdraget i Kvam, har mange av dei samme naturverdiane som Tokagjelet, men vert rekna for å ha større verdi. Departementet stadfesta fredag NVE sitt vedtak om avslag for Risbruelva kraftverk som ville berøra bekkekløfta i Revsgjelet. Departementet har sett denne klagesaka i samanheng med søknaden for Tokagjelet kraftverk, som er eti vesentlig større prosjekt.

Slipp av minstevassføring vil vera eit viktig tiltak for både landskapet og fuktigheitskrevjande naturtypar og artar i vassdraget. Det må sleppast nok vatn for å utvikla det som kan oppfattast som fossesprøyt i fossen nedafor Tokagjelet. Verknaden av tiltaket er venta å verta relativt liten for fossesprøytsona, og ingen rødlisteartar er forventa å verta særleg berørt av dette.

Departementet har kome til at ei minstevannføring på 1,5 kubikkmeter per sekund i sommarperioden vil vera tilstrekkeleg.

Det går ein 132 kV-kraftleidning mellom Samnanger og Øystese som kryssar over Tokagjelet. Det planlagte kraftverket skal tilknyttast nettet ved å kobla den nye leidninga på denne eksisterande leidninga. Den planlagte 132 kV-leidninga vil gå i bratt og ulendt terreng, og vil ikkje vera synleg frå mange stader der folk oppheld seg.

Det vert ikkje planlagt reguleringar eller overføringar i samband med bygging av kraftverket. Kvam herad har stilt seg positiv til konsesjonssøknaden for Tokagjelet.

Nordkraft Prosjekt AS er eit heileigd datterselskap av Nordkraft AS, som vert eigd av Narvik kommune, Troms Kraftforsyning og Energi AS og Hålogaland Kraft AS.

 

 

Kommentarer

kommentarer