Nyhetsartikkel

05 august 2016

Har sett samanslåing av kraftselskap på vent

Korkje Stranda Energi eller Sykkylven Energi trur på eit langt liv åleine.

«Eg er ganske sikker på at Stranda Energi ikkje vil feire ny 100 år som sjølvstendig energiselskap. Myndigheitene legg med sine lovendringar og krav opp til at små og effektive selskap som Stranda Energi ikkje lenger skal kunne drive vidare i si noverande form», skriv dagleg leiar Ola Raknes i Stranda Energi i årsmeldinga til selskapet.

Dagleg leiar Trond T. Lauritsen i Sykkylven Energi er samd i analysen.

– I sum blir det lagt opp til eit byråkrati som vil koste alle meir pengar, seier han. Det favoriserer større selskap, seier han til Nett.no.

Skille ut nettselskap
Det Raknes og Lauritsen snakkar om er kravet om å skille nettverksemda og kraftproduksjonen i selskap. Medan EU gir selskap med færre enn 100.000 kundar lov å drive nett-verksemd og kraftproduksjon i eitt selskap, går ikke det i Noreg.

«Enda ein gong er Norge best i klassa», skriv Raknes årsmeldinga.

Men kravet om å skilje ut nettverksemda, slik Tafjord og Tussa har gjort i sitt felles selskap Mørenett, kjem høgst sannsynleg til å gjelde dei to kommunlat eigde kraftselskapa i Stranda og Sykkylven og.

Regjeringa avgjer
I utgangspunktet er ei samanslåing av Stranda Energi og Sykkylven Energi ei naturleg løysing, slik Lauritsen vurdererer det.

Men regjeringa sitt arbeid for å slå saman kommunar til større kommunar gjer at ei samanslåing bør settast på vent til det er klart kvar Erna Solberg og hennar regjeringskollegaer bestemmer seg for.

Både Sykkylven og Stranda er innstillt på å halde fram som sjølvstendige kommunar, men Fylkesmannen kan kome til å tilrå noko anna før regjeringa tek den endlege avgjerda.

Utfallet vil vere angjerdande også for kva som er løysinga for energiselskapa og, etter Lauritsens vurdering.

Blir Sykkylven ein del av Ålesund er det ei samanslåing med Tafjord/Mørenett som er mest sannsynleg, blir kommunane ståande åleine er det et kraftsamling mellom Stranda og Sykkylven som er den sannsynlege løysinga.

Kommentarer

kommentarer