.

Samspel for grønare fjordar
Norske myndigheiter har sett strenge miljøkrav for nye ferjer på norske fjordar. Dei krev løysingar med null- eller lavutslippsteknologi som eit ledd i å redusere utsleppa frå ferjeflåta. Dette er noko designavdelinga til Havyard har lagt stor vekt på.

– Vi har «drifta ferjene» ved hjelp av avanserte simuleringsverktøy og såleis kunna optimalisere til det ytste, seier leiar for Havyard Design & Solution, Stig Magne Espeseth.

– Ulike operasjonsprofilar har vorte testa og gjennomgått, og resultata har gjort at Fjord1 valde oss som leverandør på design, seier han vidare.

Dagfinn Neteland, administrerande direktør i Fjord1, seier at kontraktane bekreftar at Fjord1 er leiande innan det grøne skiftet på dei norske fjordane.

– Vi held fram med å sette standarden, og det gler oss at vi både kan handle lokalt med norsk design og ferjer bygga i Norge og samstundes leie an i den grøne revolusjonen, seier han.

Havyard konkurrerte med fleire verft i Norge og utlandet om bygginga.

– Det har vore ein tøff konkurranse om desse oppdraga og vi får ingenting gratis, seier Lars Conradi Andersen, salsdirektør i Havyard.

– Ein kombinasjon av produkt, leveringstid og pris var utslagsgjevande for oss, og vi gler oss til å fortsette det gode samarbeidet med Fjord1, seier han vidare.