Nyhetsartikkel

02 oktober 2017

Hydro har tatt over aluminiumsselskapet Sapa

Hydro har førebels betalt 11,86 milliardar kroner til Orkla. Det melder Orkla i ei pressemelding. Sapa er verdsett til 27 milliardar kroner og endeleg kjøpesum blir fastsett på basis av Sapas rekneskap per 30. september 2017.

Norsk Hydro har tatt over Orklas eigardel på 50 prosent i aluminiumsselskapet Sapa, i tråd med avtalen som blei inngått i juli.

Sapa er eit norsk aluminiumsselskap med over 100 anlegg i 40 land. Sidan etableringa av Sapa JV i 2013 har selskapet meir enn tredobla resultatet og blitt eit verdsleiande selskap innan tilarbeidde aluminiumsprofilar. Frå september 2013 og fram til nå har Orkla og Hydro eigd kvar sin halvdel av selskapet.

Orkla oppgir at det har tent 20 milliardar kroner på sitt opphavlege engasjement i Sapa. Styret i Orkla kallar inn til ekstraordinær generalforsamling for å vedta eit ekstraordinært utbytte på fem kroner per aksje.

Kommentarer

kommentarer