Nyhetsartikkel

02 oktober 2017

Vassdrag på Sørlandet har ikkje hatt så høg vassføring på over 100 år

Uvêret på Sørlandet set rekordar. I Tovsdalsvassdraget på Sørlandet har vassføringa ikkje vore så høg sidan 1890.

Etter det kraftige uvêret de siste dagane har vassføringa i enkelte sørlege vassdrag blitt rekordstor. I Tovsdalsvassdraget har Noregs vassdrag- og energidirektorat (NVE) målingar frå sidan 1890.

– Vi aldri sett det nivået vi har akkurat no, seier Erik Holm Kvist, vakthavande meteorolog i NVE til NTB.

Vassdrag i Otra, Mandal og Auna har også fått høgare vassføring.

– Vi har hatt ekstremt mykje nedbør over fleire dagar. Vi har hatt hendingar både i 2014 og i 2015, men årets uvêr er verkeleg spesielt, seier Kvist.

Sørlandet kan likevel sjå fram til betre vêr dei kommande dagane, ifølgje Elbjørg Moxnes, vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt.

– Mesteparten av nedbøren har passert. Det vil bli regnbyer, noko tore og litt nedbør i Vest-Agder. Men det verste uvêret er uansett forbi, seier ho.

Kommentarer

kommentarer