Nyhetsartikkel

26 august 2021

25 prosent lågare strømpris i Midt-Norge

Kraftsituasjonen veke 33, 2021: Auke i vindkraftproduksjon

Auke i nordisk vindkraftproduksjon bidrog til at kraftprisen i store deler av Norden vart redusert. Dei sørlege prisområda i Noreg (NO1, NO2, NO5) opplevde ikkje dette i same grad. Dette heng saman med avgrensingar i utvekslingskapasitet mot resten av Norden. Det er mellom anna store avgrensingar mellom Søraust -Noreg (NO1) og Sør-Sverige (SE3). Dette svekker Søraust-Norge sin moglegheit til å importere frå Sør-Sverige (SE3) i dei timane kraftprisen er lågare der. Avgrensingane her er forventa å halde fram til midten av november.

Prisane var i snitt 76,6 øre/kWh i sørlege Noreg, noko som er ein auke på 7 prosent frå veka før. Midt-Noreg hadde eit snitt på 56,0 øre/kWh, som er ein reduksjon på 25 prosent. Nord-Noreg hadde ein pris på 45,2 øre/kWh som er ein auke på 42 prosent.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 33 2021 (PDF)

Kilde: NVE

Kommentarer

kommentarer