Nyhetsartikkel

24 oktober 2018

Fjordkraft får 400 000 kroner i lovbrotsgebyr for ulovleg telefonsal

Forbrukartilsynet har fatta vedtak om lovbrotsgebyr på 400 000 kroner mot straumselskapet Fjordkraft.
Fjordkraft har brote marknadsføringslova ved å ringe opp sine eksisterande straumkundar for å marknadsføre mobilabonnement, sjølv om dei var reservert mot telefonsal.

FOTO: Skjermdump

– Fjordkraft har gjort seg skuldig i klare brot på reglane om telefonsal. Det er alvorleg at ein så stor aktør ikkje følgjer reglane, seier direktør Elisabeth Lier Haugseth i Forbrukartilsynet.

Mindre omfattande enn antatt

Forbrukartilsynet varsla tidlegare i haust eit lovbrotsgebyr på 500 000 kroner, men etter at Fjordkraft kom med nye opplysningar i saka blir det endelege gebyret satt til 400 000 kroner.

Fjordkraft kan klage vedtaket inn til Marknadsrådet innan tre veker.

Les vedtaket her, og meldinga om det opphavlege varselet om vedtak her.

Kommentarer

kommentarer