Nyhetsartikkel

15 mai 2018

Solid resultat for Midtfjellet Vindkraft

Selskapet leverte i fjor eit overskot på 154 millionar kroner.

2017 var eit svært godt år for Midtfjellet Vindkraft AS. Store deler av det solide resultatet har bakgrunn i ei ny verdivurdering av selskapet.

Deloitte har nemleg oppjustert verdien på selskapet basert på nye berekningar der kraftprisane er venta å auke dei neste åra, skriv Bergens Tidende.

Dagleg leiar i Midtfjellet Vindpark, Erik Mortensen. 

– Kraftprisane avgjer kor mykje Midtfjellet Vindkraft er verdt. No ser det bra ut, seier dagleg leiar Erik Mortensen til avisa.

Sjølv utan den nye verdivurderinga ville selskapet oppnådd eit positivt driftsresultat på 14 millionar kroner.

Mortensen er tydeleg på at den nye tyske eigaren, Aquila Capital, har styrka selskapet etter oppkjøpet for to år sidan.

– Me var i ein situasjon der det var avgjerande å få inn kapital. Den nye eigaren har styrka oss, seier han til BT.

No er tredje byggetrinn av vindparken i full gang, med venta ferdigstilling i oktober. Vindturbinane i dette byggetrinnet er større enn dei eksisterande.

Når vindparken er ferdig til hausten vil den bestå av heile 55 vindturbinar, med ein samla straumproduksjon på 150 megawatt.

Kommentarer

kommentarer