Nyhetsartikkel

31 januar 2018

Løyve til regulering og uttak av vatn frå Tuvnes-vassdraget

NVE gjev Vikan Settefisk AS løyve til regulering og uttak av vatn frå Tuvnes-vassdraget i Frøya kommune i Trøndelag. Vatnet skal nyttast til produksjon av settefisk.

Det er gjeve løyve til eit maksimalt vassuttak på 50 l/s og regulering av Tuvnesvatnet mellom 6,1 meter over havet og 7 meter over havet.

Det er også gjeve løyve til å nytte Valavatnet som naudmagasin med ei regulering mellom 9,1 meter over havet og 10 meter over havet. Det er ikkje sett krav om minstevassføring.

NVE vurderer i sum at nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til det planlagde settefiskanlegget på fastsette vilkår.

Les meir om løyvet her

Kommentarer

kommentarer