Nyhetsartikkel

29 august 2017

Direktørstolen i SKL vert ledig

Magne Heimvik gir seg som direktør i SKL etter 20 år i stillinga. Kraftselskapet tek sikte på å finne etterfølgjaren i innan årsskiftet.

Styret i Sunnhordland Kraftlag vart måndag informert om at Magne Heimvik går av som administrerande direktør, etter å ha leia selskapet i 20 år.

62-åringen gir seg då han har nådd pensjonsalder.

– Han kom til selskapet i 1985, og i 1997 tok han over som adm direktør. Magne seier SKL har vore ein særdeles spennande og interessant arbeidsplass i ei tid der både samfunnet og rammevilkåra for kraftselskapa har vore i stadig endring.

– Sett i lys av at dei vedtekne strukturelle endringane i SKL no er gjennomført, og eigen alder, seier Magne at tidspunktet for å fråtre stillinga no frå årsskiftet er det beste, står det i pressemeldinga.

Kommentarer

kommentarer