26
mars
2021
NVE gir avslag på søknad om kraftverk i Kvinnherad
Fatland kraft AS har søkt om løyve til å byggje Svoldal kraftverk i Kvinnherad kommune i Vestland. NVE har kome fram til at dei negative verknadane ved prosjektet er så store at søknaden om å byggje kraftverket får avslag.
NVE har gjort ei vurdering av fordelar og ulemper ved det planlagde Svoldal kraftverk, og har gitt avslag på søknaden om å byggje kraftverket.
Etter NVE sitt syn vil tiltaket, og då først og fremst røyrtraseen, føre til så store inngrep i terrenget at desse aleine er avgjerande for konklusjonen. NVE har difor ikkje sett behov for å vurdere tiltaket sine verknader på naturmiljø eller andre allmenne interesser.
Kraftverket ville gitt ein årleg produksjon på om lag 5,6 GWh. Dette svarar til straumbruken til om lag 280 husstandar.
Kilde: NVE