19
januar
2019
Revisjon av konsesjonsvilkåra for Sira-Kvina-reguleringene
NVE tilrår Olje og energidepartementet å innføre nye og meir miljøvennlege konsesjonsvilkår for reguleringen av Sira- og Kvinavassdraget
NVE tilrår fleire tiltak som etter NVE si meining vil betre miljøforholda i Kvinavassdraget og i Siravassdraget i Vest-Agder. Sira-Kvina kraftselskap er regulant. Reguleringane med tilhøyrande kraftverk er viktig for kraftforsyninga regionalt og nasjonalt, og tiltaka er vurdert i lys av det. NVE rår til at det må sleppast minstevassføring i Kvina, Sira og i enkelte sidebekker til Sira. Saman med andre tiltak som lokkeflommar, biotoptiltak og fjerning av krypsiv og sedimenter, vil miljøforholda i begge vassdrag verte betre. NVE gir ikkje løyve til å regulere Skreåvatn. NVE si tilråding tek utgangspunkt i resultata frå eit omfattande miljødesignprosjekt.
Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.