14
januar
2019
Solrekord i Danmark
Danskane produserte nesten 1 TWh solenergi i 2018.
Ifølgje Ingeniøren svarar solkraftproduksjonen til 2,8 prosent av samla elforbruk. Vindkraft er framleis den fornybare storebroren i dansk kraftproduksjon med 13,9 TWH i 2018. Samla stod vind og sol for 42,5 prosent av danskanes straumforbruk.