Nyhetsartikkel

03 september 2018

Løyve til utviding av kraftverk og tidsavgrensa vassuttak i Ørsta

NVE gir  løyve til opprusting og utviding av Vartdal kraftverk og tidsavgrensa løyve til å nytte Nedre Svartevatn som naudvasskjelde i Ørsta kommune,  Møre og Romsdal.

NVE har valt å sjå desse to sakene i samanheng fordi Vartdal Vassverk får mesteparten av vatnet sitt frå utløpet til Vartdal kraftverk.

Om løyvet til opprusting og utviding av Vartdal kraftverk
Tussa Energi AS søker om løyve til å ruste opp og utvide Vartdal kraftverk. Kraftverket vil få ny inntaksdam ved Litlevatnet, nye trykkrøyr plassert i same trase som eksisterande røyrgate og ny kraftstasjon plassert på same stad som i dag. Maksimal slukeevne blir auka frå 225 l/s til 750 l/s. Installert effekt blir 2,5 MW, mot 0,46 MW i dag. Dette vil gi ein produksjon på 9 GWh, noko som er ein auke på 5,8 GWh i forhold til produksjonen i dag.

I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging vil vere eit bidrag til ein fornybar og regulerbar energiproduksjon med avgrensa verknader for vassdragsmiljøet. NVE har lagt vekt på at tiltaksområdet allereie er nytta i kraftsamanheng, og NVE meiner at omsøkte tiltak vil ha små ytterlegare negative verknader for biologisk mangfald. Prosjektet er etter vår oppfatning lite konfliktfylt, då ingen av høyringspartane er imot tiltaket.

NVE har sett vilkår for å redusere dei negative verknadene for ålmenne interesser, mellom anna slepp av minstevassføring på råka elvestrekning i Risaskarelva.

Meir om Vartdal kraftverk finn du her.

Om løyvet til å nytte Nedre Svartevatn som naudvasskjelde
Vartdal Vassverk er eit konsesjonsfritt anlegg, og forsyner om lag 243 husstandar og vasskrevjande industri i Vartdal med vatn. Vassverket søker om løyve til å nytte Nedre Svartevatnet som permanent naudvasskjelde. Det er søkt om løyve til å tappe ned vatnet tre meter, frå kote 617 og ned til kote 614.

NVE har valt å gi eit tidsavgrensa løyve fram til 31.12.2028 og legg i vekt på at nedtapping av Nedre Svartevatn vil sikre vassforsyninga til abonnentar knytt til Vartdal Vassverk.  Tiltaket vil etter vår vurdering ikkje gi store konsekvensar for allmenne interesser. Etter vår vurdering er fordelane ved tiltaket større enn skadar og ulemper for allmenne og private interesser.

Meir om løyvet til å nytte Nedre Svartevatn som naudvasskjelde finn du her.

Kommentarer

kommentarer