NVE tilrår ikkje løyve til Opo flomkraftverk
NVE rår Olje- og energidepartementet til å ikkje gje Sunnhordland Kraftlag løyve til Opo kraftverk med flaumtunell i Odda i Hordaland.
Opovassdraget er eit verna vassdrag, og Stortinget har opna for konsesjonsbehandling av dette prosjektet. Prosjektet var planlagt å gje flaumsikring av Sandvin og Odda, og produksjon av inntil 170 GWh kraft i året.
NVE meiner at bygging av flaumkraftverket vil få vesentlege negative konsekvensar for landskapsopplevinga av Opo i Odda, som gjev ringverknader for blant anna rekreasjon og fiske. Ei utbygging vil vere negativ for fisk i Opo, særleg moglegheita for å reetablere storlaksbestanden. Utbygginga vil gje ei vesentleg kraftproduksjon og auka flaumsikring for eit avgrensa antall bygningar ved Sandvin. NVE har allereie sikra Opo gjennom Odda til same nivå som NVEs øvrige sikringstiltak. For Odda by vil utbygginga gje auka flaumsikring berre ved svært sjeldne flaumar. Etter NVE si meining vil ikkje fordelane vege opp for dei forventa negative effektane.
Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.