NVE tilrår løyve til å regulere Kvannvatn med tre meter
NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Sagelva Minikraftverk AS løyve til å regulere Kvannvatn med tre meter, samt utviding av Kvannvatn kraftverk i Rana kommune i Nordland
Dette er same reguleringshøgde som har vore nytta til andre formål fram til no. Vi har også anbefalt ei auka slukeevne i Kvannvatn kraftverk. Samla sett vil produksjonen i dei eksisterande kraftverka auke med ca. 3,2 GWh/år.
Av omsyn til ålmenne interesser har NVE tilrådd ei noko redusert regulering samanlikna med det som blei søkt om. Det er også tilrådd at det vert sett krav om slepp av minstevassføring frå dammen i Kvannvatnet.
Samla sett vurderer NVE at fordelane ved regulering av Kvannvatn og auka slukeevne i Kvannvatn kraftverk er større enn skadane og ulempene for ålmenne og private interesser. NVE legg vekt på at ei utviding i kraftverka og ei regulering av Kvannvatnet med tre meter vil vere eit bidrag til auka produksjon av fornybar energi med avgrensa miljøeffektar.
Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.