Nyhetsartikkel

06 juli 2017

Vedtak og innstillingar til småkraft og vassdragsregulering i Sør-Troms

NVE gjev løyve til Løvdalselva kraftverk i Gratangen og Plasselva og Sandneselva kraftverk i Lavangen. Rørelva og Segelelva kraftverk i Skånland og Dudal og Belneselva kraftverk i Gratangen får avslag. Samstundes anbefaler NVE at OED gir løyve til regulering av Foldvikvatnet og til bygging av Øvre Foldvik kraftverk og Nedre Foldvik kraftverk.

Dei tre kraftverka som har fått løyve vil, saman med dei to som har fått positiv innstilling, produsere om lag 52 GWh straum i året. Dette svarar til straumbruken til om lag 2650 husstandar. Prosjekta som fekk avslag kunne samla ha gjeve ytterlegare 33,2 GWh/år. Søknadane er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av vasskraftprosjekta.

Verknad på landskap og friluftsliv har vore det viktigaste temaet i NVEs vurdering av Rørelva, Segelelva, Dudal og Belneselva kraftverk. For Løvdalselva, Plasselva og Sandneselva kraftverk har mellom anna anadrom fisk, reindrift og landskap vore dei viktigaste tema. Når det gjeld Øvre og Nedre Foldvik har ulempene for reindrift, naturverdiar, landskap og friluftsliv vore vege opp mot fordelane ved auka produksjon av ny fornybar energi. Foldvikanlegga vil i tillegg gje regulerbar energi.

Det er gjeve konsesjon til kraftverka som NVE meiner har minst innverknad på ålmenne interesser. Sjølv om planane om Plasselva kraftverk møtte ein del motstand i den offentlege høyringa meiner NVE at verknadane er akseptable gitt avbøtande tiltak.

For å redusere dei negative verknadane for dei ålmenne interessene, er det sett vilkår til kvart av prosjekta som har fått løyve. Etter NVEs vurdering vil mindre tilpassingar heller ikkje kunne endre vår konklusjon i dei resterande sakene.

Les meir om den einskilde saka:

Kommune: Skånland  Kraftverk: Rørelva kraftverk Søker: Clemens Kraft AS Produksjon:  8,9 Vedtak: Avslag

 

Kommune: Skånland Kraftverk: Segelelva kraftverk Søker: Småkraft AS Produksjon: 5,9Vedtak: Avslag

 

Kommune: Gratangen Kraftverk: Dudal kraftverk Søker: Småkraft AS Produksjon: 11,1Vedtak: Avslag

 

Kommune: Gratangen Kraftverk: Øvre Foldvik kraftverk Søker: Småkraft AS Produksjon:8,3 Vedtak: Positiv innstilling til OED

 

Kommune: Gratangen Kraftverk: Nedre Foldvik kraftverk Søker: Småkraft AS Produksjon:16,8 Vedtak: Positiv innstilling til OED

 

Kommune: Gratangen Kraftverk: Løvdalselva kraftverk Søker: Norsk Vannkraft ASProduksjon: 5,6 Vedtak: Konsesjon

 

Kommune: Gratangen Kraftverk: Belneselva kraftverk Søker: Småkraft AS Produksjon: 7,3Vedtak: Avslag

 

Kommune: Lavangen Kraftverk: Plasselva kraftverk Søker: Småkraft AS Produksjon: 10,4Vedtak: Konsesjon

 

Kommune: Lavangen Kraftverk: Sandneselva kraftverk Søker: Småkraft AS Produksjon:11,2 Vedtak: Konsesjon

 

Kommentarer

kommentarer