Tilrår løyve til planendring for Leikanger kraftverk
NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Sognekraft AS løyve til å endre planane for Leikanger kraftverk i Henjaelvi og Grindselvi i Leikanger kommune, Sogn og Fjordane.
NVE rår til at Sognekraft får løyve til å sløyfe overføring av Skulåna i Henjadalen, og til å utvide deponi i Grindsdalen. NVE tilrår at Sognekraft ikkje får redusere gjeldande minstevassføring i Henjaelvi i sommarperioden.
Løyve til bygging av kraftverket ble gitt i kgl.res. av 17.06.2016. Sognekraft AS har lagt fram ei revidert utbyggingsløysing med søknad om planendring for enkelte av tiltaka.
Den reviderte utbyggingsløysinga vil gje færre inngrep i Henjadalen, samstundes som inngrepa i Grindsdalen vil auke noko. Fleire av endringane kan avklarast gjennom NVE si godkjenning av detaljplan for kraftverket, mens nokon av endringane krev ny konsesjonshandsaming.
Planendringane som det konkret vert søkt om, og som treng nytt løyve, er:
- Sløyfing av overføring av Skulåna i Henjadalen.
- Utviding av deponi i Grindsdalen frå om lag 255 000 m3 til ca. 480 000 m3.
- Reduksjon av gjeldande minstevassføring i Henjaelvi frå 750 l/s til 504 l/s i sommarperioden 1. juni -15. august.
Høyringspartane positive til revidert løysing
Høyringspartane er gjennomgåande positive til den reviderte utbyggingsløysinga. Den nye løysinga vil redusere dei fysiske inngrepa i Henjadalen som er mykje brukt til rekreasjon og friluftsliv. Dei fleste høyringspartane er samstundes kritiske til reduksjon av minstevassføringa i Henjaelvi, som dei meiner vil være uheldig for mellom anna fisk, landskapsoppleving og friluftsliv. De same høyringspartane ber om at gjeldande krav til minstevassføring vert oppretthalde eller eventuelt auka.
NVE kan ikkje sjå at ei utviding av det konsesjonsgjevne deponiet i Grindsdalen vil gje nokon større verknader i driftsfasen, som ikkje lar seg avbøte i tilstrekkeleg grad.
Sløyfing av inntak av Skulåna vil gje noko lågare ressursutnytting og kraftproduksjon, men NVE vurderer likevel ressursutnyttinga som akseptabel sidan miljøverknadene også vil bli mindre. Lågare minstevassføring i Henjaelvi i sommarperioden vil truleg kunne føre til noko dårlegare miljøtilhøve i vassdraget samanlikna med gjeldande konsesjon. NVE rår derfor til at dagens krav til minstevassføring blir oppretthalde. Kraftverket vil med dei tilrådde planendringane produsere om lag 203 GWh/år. Det svarar til årlig straumforbruk til om lag 10 150 husstandar.
Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga av planendringa for Leikanger kraftverk.
Dokumenta er tilgjengelege på nve.no.