Nyhetsartikkel

24 mai 2017

Flaumutsikter mot helga

Varmare vêr og litt regn gir auka vassføring på Vestlandet og i Sør-Trøndelag.

Snøsmelting og til dels mykje regn ga fleire flaumstore elver i Sør-Noreg førre veke, særskilt på deler av Austlandet og Sørlandet. Inn mot langhelga syner prognosane våre at det er størst sannsyn for flaumvassføringar i nokre av dei større vassdraga på indre strok av Vestlandet, til dømes i Opo, Kinso, Vosso og Flåmselvi og i Gaula i Sør-Trøndelag. Her er det venta vassføringar opp mot nedre grense for flaumvarsel i løpet av kommande helg.

 

Gaular 21. mai 2017 Foto: regObs

 

Også i andre elver frå Trøndelag og sørover, med nedbørfelt der det fortsatt ligg att mykje snø, er det venta aukande vassføringar, men ikkje flaumvassføringar.

Årsaka til vassføringsauka er varmare vêr og litt regn. Flaumvarslinga vil følge utviklinga nøye gjennom helga. Litt kaldare eller varmare vêr, eller meir eller mindre regn enn onsdagens vêrvarsel seier, kan gi store utslag i vassføringsprognosane for dei neste dagane.

Eventuelle flaumvarsel vil bli publisert på www.varsom.no.

Kommentarer

kommentarer